Eksotisk møte med snømannen Kalle

Snøver i mai vart eit eksotisk innslag for ei gruppe turistar frå Taiwan som besøkte Briksdalen laurdag.
Nyhende

Dei hadde nok ikkje rekna med å få sjå snø på vårturen sin til Norge.

Men laurdag morgon var det nemleg heilt kvitt både på trollbilar og i heile Briksdalen.

Sjølv om det ikkje var direkte vårleg i lufta akkurat, var stemninga god.

Turistane frå Taiwan synest det var spennande å få sjå nærmare på snøen.

Dei fekk sjansen til å lage sin første snømann, og ein blid snømannen Kalle vart eit ynda fotomotiv for svært fornøgde taiwanesarar.