Slo 35 år gamal rekord:

Maja med ny bestenotering

Ny krinsrekord: Maja Fuglestrand Baade frå Loen kasta spydet 45,54 meter.   Foto: Privat (arkiv)

Nyhende

Maja Fuglestrand Baade sette ny bestenotering i spyd for 14-åringar.

Det var i eit kaststemne i Gloppen førre helg at jenta frå Loen, som i år representerer Olden IL, fekk opp 45,54 meter i sitt tredje kast. Det er ei forbetring av personleg rekord på nesten 8 meter.

– Verdt å merke seg at Maja Fuglestrand Baade (Olden IL) sette ny bestenotering i J14 i Sogn og Fjordane, med eit spydkast på 45,54 meter. Den førre bestenoteringa i fylket i denne klassen var Marianne Engebø (Tambarskjelvar) sitt kast på 40,96 frå 1984, skriv friidrettskrinsen på si heimeside.

Resultatet 45,54 meter er også det tiande beste totalt sett for 14-åringar på nasjonalt nivå.