Utsette sak om Skarsmyra for andre gong

– Reiser meir spørsmål enn svar

Eit framlegg til vedtak som bar preg av kompromiss vart sabla ned av både partane og politikarane då sal av areal på Skarsmyra var på sakskartet i formannskapet for andre gong.

Synfaring: Stryn formannskap starta dagen på Skarsmyra i Stryn miljø- og næringspark. Her fekk dei orientering av rådmann Rune Hovde og Fredrik Vinsrygg, frå Vinsrygg Maskin, og Jon Gudbrand Kveen Øvre-Flo i Kveen AS. Dei to sistnemnde ønskjer begge å utvide på Skarsmyra, men der er ikkje nok tilgjengeleg areal til å stette begge sine behov.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Det er ikkje enkelt å tekkjast alle når det kun er eit lite kakestykke att å fordele, og det er kø om godbitane. Stryn kommune har utvilsamt store utfordringar når det gjeld tilgjengeleg næringsareal, og skal ein vidareføre kake-metaforen så er det heller inga ny på veg i ovnen i nær framtid. Slikt kan det bli knuffing i matkøen av. Dette kjem også til uttrykk i saka der dei to partane Kveen AS og Vinsrygg Maskin AS begge ønskjer å kjøpe areal på Skarsmyra. Av dei 25 måla som er tilgjengeleg ønskjer Kveen 16 og Vinsrygg samtlege 25.