Får 20.000 kroner til nytt bandkurs

UKM Stryn har fått stimuleringsmidlar på 20.000 kroner frå UKM sentralt til nytt bandkurs i haust.

viktig satsing: Bandkurs-gjengen samla i vinter. Bakerste rekke f.v. Trym T. Tvinnereim, Linda Gytri, Andreas Vik, Are Næsset, Aleksander Raftevold, Sebastian Berg og Elise Hessevik. Andre rekke F.v. John-Rasmus Sætre Torheim, Magdalena Kacperska, Jakob Bø, Sindre V. Steen, Catrin Sanden, Synne B. Erdal, Axel B. Erdal og Espen M. Olsbø. Fremste rekke F.v. Runar Netland og Edvard F. Håvik.   Foto: Arkiv

Nyhende

Stryn kulturskule og BRAK arrangerte tidlegare i år bandkurs for ungdom i Nordfjord.

Dette var rett før UKM skulle arrangerast lokalt, og man såg at det vart danna band, og det vart meir samspel i framføringane under UKM. Noko som sjølvsagt er veldig positivt for heile arrangementet.

Tidlegare i vår søkte Stryn UKM om stimuleringsmidlar frå UKM sentralt til å arrangere eit liknande bandkurs hausten 2019. Då får ein får betre tid til å få etablert grupper og band før påmeldingsfristen til UKM på våren 2020. Bandkurset er tenkt som eit samarbeid mellom Stryn UKM, Stryn kulturskule og BRAK.

Som ein av få fekk Stryn tildelt full pott av den summen ein søkte på, skriv ungdomskontakta i Stryn kommune i ei pressemelding.

– Pengane vert tildelt utan grunngjeving, men i søknaden blei det lagt vekt på kor godt gjennomført det førre bandkurset var, og kor mange som deltok og såg på UKM lokalt. Stryn UKM og kulturskulen er sjølvsagt veldig fornøgde med dette, fortel ungdomskontakt i Stryn kommune, Knut Einar Lillebø-Voll.