Formannskapet krev dialogmøte og tidsplan

Dialogmøte og tidsplan i høve arealbehov er noko av det formannskapet vedtok saman med utsetjing til 12. juni. Mangelen på næringsareal frustrerer politikarane.

Oppgitt: Ordførar Sven Flo har ved fleire høve uttrykt misnøye med situasjonen i kommunen når det gjeld tilgang på næringsareal. Han meiner det hindrar vekst og utvikling.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Det vi uansett konkluderer med er at det er knappheit på næringsareal i kommunen. Noko som må jobbast vidare med, sa ein oppgitt ordførar Sven Flo (H). Han var også oppteken av å understreke at det er to likeverdige partar i saka.