3. divisjon damer:

Forventar tøff kamp

Lokalderby: Olivia Wemby og Stryn møter Sandane på Stryn stadion.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn sitt 3. divisjonslag i fotball for damer spelar sin andre seriekamp for sesongen i kveld når Sandane er motstandar.

Johann Sigurdsson sine elevar vann heile 11-1 over Sogndal i seriepremieren for om lag 14 dagar sidan etter tidvis glitrande spel. Sigurdsson forventar hard motstand på stadion:

- Vi reknar med ein tøff kamp mot eit godt Sandane-lag.

Stryn må klare seg utan keeper Mia Kristiansen, men kaptein og utespelar Astrid Bjørke tek over plassen mellom stengene, noko ho også har gjort før.

Sandane står med ein siger (6-0 over Balestrand) og ein uavgjort (1-1 mot Sogndal) så langt i serien.