Dagens leiarartikkel

Felles markering av 8. mai

Rørt ordførar: Stryn-ordførar Sven Flo (tv)vart rørt då veteranar fekk medalje for teneste i militære operasjonar. Desse tre stryningane var villige til å døy for fred og fekk sin heider: Frå venstre: Jon Arve Tvinnereim, Jens Christian Skrede og Eyvind Reme. 8. mai  Foto: Anne-Mari Aalberg

Det er enkelt å forstå den ufattelege gleda som oppstod då dei tyske militærstyrkene kapitulerte og Norge var fritt

Nyhende

Det var gledeleg mange flagg å sjå både på offentlege og private flaggstenger 8. mai. Det tyder på at frigjeringsdagen som flaggdag og ein viktig dag å markere er komen meir fram i folk sin bevisstheit. 8. mai kan nok lett bli gløymd av mange, der dagen ligg mellom 1. mai og 17. mai, og heller ikkje har status som offentleg fridag. Auka fokus på dagen både gjennom skulen og i media, har vore og er viktig for å minnast ein av dei viktigaste dagane i norsk historie.