Høyr siste utgåva av Sport und Spaß

Oppstryningar: Jon-Terje Tjellaug og Tarald Harstad var mellom gjestene i studio onsdag.  

Nyhende

Oppstryn og Liverpool er den raude tråden i den niande sendinga av Sport und Spaß.

Kveldens blodfan, Håvard Nygård, er både spelar på Oppstryn og Liverpool-supporter. Med ferske sigrar for begge lag er det gode dagar for Nygård.

I studio er elles Jon-Terje Tjellaug hovudgjest. Oppstryning han også, men spelar for Stryn sitt A-lag gjennom meir enn 25 år! I tillegg er han ein generelt sportsinteressert kar med mange kloke tankar kring idrett og trening. Han får også selskap i studio av spelande trenar for Oppstryn, Tarald Harstad.

Ikkje minst har vi børsta støv av det tidlegare friidrettstalentet Olve Flo Sunde. Vi spør om det er noko 40- årskrise og comeback på gong, 25 år etter glansdagane.

Som ein liten bonus opp i det heile, har vi med oss den drivne TV2-kommentatoren Kasper Wikestad på telefon.

Den som lyttar til sendinga vil også kunne svare på konkurranse-spørsmålet.