Per Bolstad plass

Klar til bruk igjen

- Velkomen: Prosjektleiar Stryn kommune, Hanne K. Vangen, og prosjektleiar i Yri Sand, Finn Drageset, opna torsdag Per Bolstad plass att for publikum. 

Nyhende

Torsdag denne veka var siste stein lagd, plassen rydda og kosta og gjerdene fjerna. Igjen kan folk ta i bruk Per Bolstad plass etter fleire månader med oppussingsarbeid.

- Overtaking er signert og no opnar vi, seier prosjektleiar Hanne K. Vangen i Stryn kommune, og ønskjer saman med Finn Drageset i Yri Sand velkomen inn på Per Bolstad plass. Yri Sand har vore totalentreprenør for arbeidet.

No er også dato sett for den formelle opninga. Det blir tysdag 28. mai.