Verdens aktivitetsdag

Små grep og store helsegevinstar

Fredag er Verdens aktivitetsdag. Eit viktig mål er å seinke terskelen for å drive fysisk aktivitet og fremje helsegevinstane.

Mange helsegevinstar: Trening, og kanskje særleg trening ute, gjev ikkje berre ein fysisk gevinst. Betre humør, auka energinivå og stressreduksjon er noko av det treninga bidreg til. Her frå ei av utetreningane til Frisklivssentralen i Stryn. Foto: Monica Beate Hesjedal  Foto: Monica Beate Hesjedal

Nyhende

– Det er fokus på «dine 30 minutt», seier Monica Beate Hesjedal i Frisklivssentralen i Stryn. Born og unge vert anbefalt å vere aktive minst 60 minutt i løpet av dagen. Vaksne og eldre i moderat aktivitet i minst 30 minutt kvar dag - eller 3,5 timar i løpet av veka.