Surt tap for Stryn mot Sandane

Nyhende

Stryn sitt 3. divisjonslag i fotball for damer gjekk på eit surt heimetap mot Sandane torsdag kveld.

Etter 0–0 til pause tok Stryn leiinga ved Marie Johannsdottir. 16-åringen var sikker frå straffemerket, og det såg lyst ut med tanke på siger for heimelaget.

Men berre fem minutt seinare var Sandane a jour, og med ti minutt att på klokka tok dei leiinga 1–2. Stryn prøvde med ein sluttspurt, men glopparane heldt unna og kunne juble for tre poeng. Dermed greidde ikkje Stryn å følgje opp prestasjonen frå serieopninga då det vart heile 11–1 mot Sogndal.

– Eit litt surt tap, men det vart ein tøff kamp som forventa. Eg synest at jentene stod godt på med god innsats. Vi var bra defensivt, men framover på bana er vi ikkje fornøgde. Spelet vart lite variert og bevegelsane vart for dårlege, oppsummerer trenar Johann Sigurdsson.

Allereie på måndag har laget sjansen til nye tre poeng. Då kjem Studentspretten til Stryn stadion.