Venebenken på plass i Hornindal

Venebenk: F.v. ordførar Stig Olav Lødemel, benke-designar Ragna Hofset Kile og ordførar Jørgen Amdam på venebenken som er plassert ved klatreparken i Grodås sentrum.   Foto: Privat

Nyhende

Ordførar Jørgen Amdam avduka fredag ettermiddag venebenken i Hornindal. Intensjonen er å bidra til ei positiv og lærande tilnærming til felles kulturbygging mellom dei to kommunane.
Prosjektet venebenk vart i si tid oppstarta av Frivilligsentralane i Hornindal og i Volda. Siste halvåret har Styrk Arbeid i Volda jobba med å lage ein benk som fredag vart plassert ved klatreparken i Grodås sentrum. Benken er designa av Ragna Hofset Kile, elev ved Folkestad skule. Elevar ved åttande klasse ved Hornindal skule stilte med vafler/sveler, saft og kaffi, heiter det i ei pressemelding til Fjordingen.
Laurdag er det tilsvarande avduking av venebenken i Volda. Denne skal avdukast av Hornindal sin varaordførar Randi Langlo og vert plassert ved rådhusparken i Volda. Amalie Utvær Nesdal har designa benken og snikkar Kjell Tvinnereim har stått for utføringa.