Gjekk mot tilrådinga og vedtok sal til Stryn Pukk

Formannskapet tilrår at Stryn Pukk AS får kjøpe nær ti mål i Stryn Miljø og Næringspark.

Får kjøpe: Stryn Pukk har i dag driftskonsesjon for L1 og L2. Dei får no kjøpe arealet.  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Arealet er resterande del av område L1 og L2, der Stryn Pukk AS har driftskonsesjon som massetak. Området vil i praksis vere eit massetak fram til overskotsmasse på området er teke ut. Det skal sprengast ned til minimum kote 170,5 og vere ferdig planert til kote 172 og såleis klargjort som næringsareal. Avtalen med Stryn Pukk tilseier at dette seinast skal vere gjort innan 2030.