Oppmodar til vatning og salting av veg

Grusveg: Bøanedsetra Hyttelag oppmodar Stryn kommune om at vegen frå parkeringsplassen ved skisenteret og opp til Tonningsetra vert regelmessig vatna og salta i sommar.  

Nyhende

Bøanedsetra Hyttelag ved styremedlem Oddvar Strand oppmodar Stryn kommune om at vegen frå parkeringsplassen ved skisenteret og opp til Tonningsetra vert regelmessig vatna og salta i sommar.

Dette for å redusere støvplager som hytteeigarane vil bli utsette for i høve stor aktivitet og trafikk under arbeidet med fornyinga av Holedammen.

- Vi tek til oss informasjonen og vidareinformerer entreprenøren som har ansvar for å oppretthalde vegen i god stand i løpet av prosjektet, skriv Hanne K. Vangen i Stryn kommune i svar til hyttelaget.