Skade stoppar landslagsdeltaking

Oskar Raftevold frå Innvik er kalla inn til landslagssamling i volleyball. Diverre set ein skade stoppar for landslags deltaking denne gongen.

Gull: Oskar Raftevold tok NM-gull med Førde VBK tidlegare i år. No er han kalla inn til bruttotroppen til det norske landslaget. ARkivFoto: Svein Halvor Moe  Foto: Svein Halvor Moe

Nyhende

Innvikaren, som i januar tok NM-gull saman med resten av Førde VBK, er kalla inn til samlinmg med bruttotroppen til samlinga i Oslo.

Sommaren skal i år gå til å førebu EM-kvalifisering for det norske herrelandslaget i volleyball. Landslaget skal ha to samlingar i vår/sommar, ei i Oslo 25. mai til 5.juni. og deretter dreg laget til Aukra i perioden 10. til 23. juni.

– Det vert kalla inn ein større tropp til Oslo-samlinga. I tillegg blir 15 spelarar kalla inn til samlinga på Aukra. Troppen der vil bli supplert med nokre av spelarane som er på samlinga i Oslo, opplyser Norges volleyballforbund.

– Det er skikkelig stas å bli invitert til treningssamling med bruttotroppen. Dessverre kan eg ikkje delta i år sidan eg slit med ein skade i høgre skulder etter at eg knuste deler av brusken i vinter, seier Oskar Raftevold til Fjordingen.