Tidenes utkøyring frå «parkeringsplass»?

Nyhende

Det overraska mange at det første som skjedde med «nye» Per Bolstad plass var at bussane trilla inn og tok han i bruk som parkeringsplass. Toppen var nok likevel utkøyringa, der bussane pressa seg over fortauet og ut i Tonningsgata ved Johan’s pub.

– Tonning har fått ny parkeringsplass, med trafikkusikker utkøyrsle! skriv Astrid Randi Bø Hunvik, som tok nokre av desse bilda fredag ettermiddag.

Dette var nok ikkje akkurat slik den nye Per Bolstad plass var tenkt, og Fjordingen fekk fleire tips om dette i går.

Kommunen reagerte umiddelbart med å love å ta tak i saka.