- Folk er redde for å gi førstehjelp

Ei ny undersøking viser at nordmenn kvir seg for å gi førstehjelp.

Førstehjelpskurs i Innvik. Vikane Røde Kors. Hjarte- lungeredning. Thea Skåden Drageset (t.v.) og Siri Bråstad Skåden.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

I undersøkinga som er utført av Respons Analyse på vegner av Røde Kors, kjem det fram at berre 43 prosent av dei spurde ville tort å gi førstehjelp i alle tilfelle viss dei ser ein person som er medvitslaus eller livlaus. 32 prosent svarer dei ville tort å gi førstehjelp ved nokre tilfelle, skriv NRK.

Samtidig svarer 22 prosent at dei er usikre på om dei hadde tort å gi førstehjelp, medan 2 prosent seier dei ikkje hadde tort. Grunngivingane som går igjen, er at dei er usikre, redde for å gjere feil og redde for å gjere vondt verre.

Ifølgje Røde Kors aukar sjansen for å overleve hjartestans tre–fire gonger dersom ein raskt får livreddande førstehjelp. Dei tre første minutta er dei mest kritiske.

– Du kan ikkje gjere noko feil. Personen vil sannsynlegvis døy om du ikkje gjer noko. Terskelen for at andre kjem og hjelper til blir dessutan lågare når dei ser du reagerer på situasjonen, seier Anders Thorheim i Røde Kors til NRK.

Plutseleg og uventa hjartestans som skjer utanfor sjukehus, rammar rundt 3.000 menneske i Noreg kvart år.

1.199 personar vart spurde i undersøkinga.

(©NPK)