Hugs tett og lufttørt:

Har du kontroll på bunadsølvet?

Nasjonaldagen nærmar seg med raske steg. Og fram frå skåp og lerretsposar kjem bunadane. Men har du kontroll på bunadsølvet? Er sølvbeltet blitt for trangt?

Trangt sølvbelte: Har sølvbeltet blitt trangt siste året? Ta det med ro, det er berre å ta det ut og feste på fleire stølar, seier gullsmed Agathe Zoe Sunde.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Mange er svært flinke til å handtere bunadsølvet riktig. Men mange har også opplevd å finne fram søljer og knappar, kanskje i siste liten, berre for å oppdage at det er kolande svart.