Vellukka friidrettsturne på Stryn stadion

Tysdag arrangerte Sogn og Fjordane Friidrettskrins og Stryn Friidrett eit vellukka stemne på Stryn stadion.
Nyhende

Ca. 120 ivrige born deltok i alderen 6–15 år. Forventningsfulle deltakarar i ulike aldersgrupper stod på startstreken, klare til å yte sitt beste. Det var mange øvingar som skulle gjennomførast. Imponerande at det vart gjennomført heile 19 heat på 60-meteren. I tillegg var det øvingar i lengde og terrengløp.