Fleire fruktprodusentar har fått frostskader på trea

Etter den tidleg fruktblomstringa i april, har fleire fruktprodusentar no meldt om problem på grunn av det kalde veret siste tida. (Illustrasjonsfoto)  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Dei siste dagane har fleire fruktprodusentar i indre Nordfjord meldt om problem på grunn av det kalde veret.

Det melder Stryn kommune på nettstaden sin.

Etter den tidlege fruktblomstringa i slutten av april, har fleire produsentar no oppdaga frostskader på frukttrea sine.

Den same ordninga som hjalp mange av bøndene i fjor som var ramma av tørke, gjeld også ved andre klimaskader. Landbruksdirektoratet oppfordrar difor bønder som opplever frostskader om å dokumentere skadene, og kontakte kommunen så raskt som muleg.

- Det aller viktigaste no er å dokumentere skaden og omfanget, det er avgjerande dersom årets avling gjev store tap og det blir aktuelt å søkje om erstatning, seier seksjonssjef Kai Terje Dretvik i Landbruksdirektoratet.