Kulturformål får 805 millionar kroner i spelemiddel

Svormuseet: Den Kulturelle Skulesekken med "Tidskapselen" med regissør Jeff Pedersen og utstillingssekretær Fridtjov Urdal (illustrasjonsbilde).   Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Regjeringa har fordelt 805 millionar kroner til kulturformål frå dei såkalla spelemidla i 2019. Beløpet er ein auke på 10 millionar kroner frå i fjor.

– I tråd med Kulturmeldinga og Frivilligheitsmeldinga ønsker vi å bidra til at det frivillige kulturlivet får fleire og meir eigna lokale til aktivitet. Difor aukar vi tilskotet til regionale kulturbygg i fordelinga av spelemiddel til kulturformål, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V).

Den kulturelle skulesekken får 288 millionar kroner og toppar lista over kulturformål. 199 millionar kroner er løyvde til støtteordninga Frifond, medan 70 millionar kroner er sette av til gåveforsterkingsmidlar. Musikkutstyrordninga er blant dei som har grunn til å vere fornøgde.

Regjeringa utvidar nedslagsfeltet til ordninga til òg å gjelde andre kulturuttrykk. Tilskotet til ordninga har auka frå 28 til 40 millionar kroner.

– Styrkinga av Musikkutstyrordninga bidrar til at utøvarar av musikk, teater og andre kulturuttrykk over heile landet får tilgang på fleire gode øvingslokale og gode arenaer for framføring, seier Grande.

Spelemidlane kjem frå overskotet til Norsk Tipping.

(©NPK)