Medietilsynet vil forlenge livet til nærradioane på FM

Dei 198 nærradioane i landet må få sende på FM fram til 2026. Mediemangfaldet i Noreg vil elles bli ramma fordi mange vil legge ned, fryktar Medietilsynet.

Radio Stryn er ein av nærradioane som sender på FM-bandet, her frå ei av dei populære lokalsportsendingane Sport und Spaß. Medietilsynet tilrår no å forlenge FM-konsesjonane frå 2021 til 2026.  Foto: Radio Stryn

Nyhende

Det er regjeringa som har bedt om ei kartlegging av grunnlaget for å forlenge FM etter 2021. Medietilsynets hovudtilråding er å forlenge FM-konsesjonane frå 2021 til 2026.

– Vi har mellom anna sett på kva lokalradioane har å seie for mediemangfaldet, kor langt digitaliseringsprosessen har komme, den økonomiske situasjonen i bransjen og vurdert kva for hindringar som kan stå i vegen for overgangen i lokalradioane frå FM til digitalradio (dab), seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Dyrt med dab

Det kostar mykje å bygge ut dab fordi det ikkje er nok leigetakarar å dele sendekostnadene med. Mange lokalradioar har ikkje pengar til å klare denne overgangen.

Om ein skrur av FM-nettet, vil mange aktørar legge ned drifta. Særleg distrikta blir ramma.

– Det får konsekvensar for mediemangfaldet både i eit aktør- og brukarperspektiv, ikkje minst i områda utanfor storbyane, seier Velsand.

Medietilsynet meiner òg at potten av tilskot som går til lokalkringkasting, bør aukast, og at pengane òg kan gå til investeringar og til drift.

Sløkkeområde

Totalt 198 lokalradiostasjonar har i dag konsesjon til å sende på FM-nettet.

Ein skil mellom radioar i sløkkeområde og radioar utanfor sløkkeområde. For radioane utanfor sløkkeområda blir det tilrådd at vilkåra som dei er i dag blir vidareførte. Derimot for sløkkeområda, som er dei mest befolkningstette områda i og rundt storbyane, tilrår Medietilsynet at det blir innført eit reklameforbod.

– Det har vore stor interesse og engasjement for framtida for lokalradioane på FM, noko som speglar kor mykje denne delen av radiomarknaden betyr for mediemangfaldet i Noreg, seier Mari Velsand og viser til at Medietilsynet har fått innspel frå over 100 organisasjonar, aktørar og lyttarar.

(©NPK)