Snauklipte seg til støtte for bestekamerat med kreft

I klasse 6 AB på Tonning skule går mellom anna tre svært gode kameratar, Lukas, Naiyana og Gustav.

Eige initiativ: Naiyana Fjelle t.v. snauklipte seg sjølv, og på eige initiativ, då ho skulle besøke bestekameraten som har leukemi og ligg på Haukeland sjukehus. Håret donerte ho til kreftforeningen. Gustav Fredheim let seg inspirere av Naiyana, og snauklipte seg i all hast etter fotballtreninga fredag, før han drog til Bergen for å besøke den kreftsjuke bestekameraten.  Foto: Privat

Nyhende

Så vart den eine av dei sjuk. Alvorleg sjuk. Lukas Tansøy Veum fekk kreft. Med diagnosen leukemi er han no på Haukeland sjukehus i Bergen. Kreftbehandlinga fører mellom anna til at han har misst håret.

I solidaritet med bestekameraten bestemte Naiyana og Gustav seg for å snaue seg, dei også.

Naiyane klipte seg sjøl, på eige initiativ, utan at nokon visste om det. Håret har ho donert til kreftforeininga.

Gustav drog rett frå fotballtrening til frisør fredag. Og det hasta, for han ville få «snaua» seg før han skulle til Bergen og besøke kameraten i helga.

Også Naiyana har besøkt Lukas på sjukehuset.

Lukas blei glad for å få besøk, og både overraska og glad over at dei hadde klipt seg for hans skuld.

Alle i klassen har òg skrive brev til han, og det har han blitt veldig glad for, får Fjordignen opplyst.

Så det er ingen tvil om at gode klassekameratar og gode vener er godt å ha når du blir sjuk!