Unge Olden-utøvarar i storform

Karabinleikane: Ruben Alexander Eide Gjerde frå Olden markerte seg saman med Maja Fuglestrand Baade for flotte prestasjonar under Karabinleikane i friidrett på Fana stadion.  Foto: Privat (arkiv)

Nyhende

Under Karabinleikane i friidrett på Fana stadion i helga markerte to Olden-utøvarar seg med gode resultat.

Maja Fuglestrand Baade, som førre helg sletta den 35 år gamle krinsrekorden i spyd for 14-åringar med nesten fem meter, gjekk til topps i spydkonkurransen. Med resultatet 39,71 meter vann ho ein klar siger.

Ruben Alexander Eide Gjerde vann 80 meter på tida 10,03 sekund, og han vart nummer to på 100 meter, 200 meter og i lengde. I lengde sette han ein solid personleg rekord med 5,68 meter. 100-meteren sprang Ruben på 12,12 sekund, og han sette også personleg rekord på 200 meter med 25,17 sekund. Komande helg er det nytt friidrettsstemne på Skei stadion i Jølster.