Har studert video og undersøkt skjermen og utstyret til den omkomne

På veg opp: Frå v. Kurt Hammerø, innsatsleiar etter ulukka, Arne Jan Kleiven frå Fjordane Luftsportklubb og Trond Nilssen, seksjonsleiar for Hang-, para- og speedgliding i Norges Luftsportforbund. Etter å ha studert video av utspranget og granska skjermen til den omkomne, reiste dei til Hoven for å studere utsprangssona og andre tilhøve.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Granskinga etter speedgliderulukka på Hoven, der ei ung kvinne omkom, vert truleg avslutta denne veka. Politiet og luftsportforbundet har mellom anna sett video av utspranget til den omkomne, etter at ein turist filma det heile. Skjermen er også nøye granska.