< jerv - Fjordingen

Jerv observert i Hornindal

– Eg var ikkje i tvil om at det var ein jerv, fortel Lars Jonny Nygård som observerte rovdyret

jervespor: Sporet tilhøyrer ein jerv. Det vart seinare funne ekskrement og DNA etter ei jervetispe i Røyrhusdalen i Stranda kommune 11. april. Foto: Rune Holen, statens naturoppsyn  Foto: Statens naturoppsyn

Nyhende

Det var tilbake til 7. april då ekteparet Lars Jonny Nygård og Annlaug Hole Nygård var på trugetur i fjellet ved Lisjekupa i Hornindal. Der observerte dei eit dyr springande bort, om lag 100 meter ifrå dei.