Dagens leiarartikkel

Mellombels forbod

Luftig: Politiet har innført mellombels forbod mot all luftsportsaktivitet frå Hoven.  Foto: Bengt Flaten

Hadde fjellet vore ope for luftsport og det hadde skjedd endå ei ulukke, hadde det garantert kome kraftig kritikk

Nyhende

Even Flo og Tom Erik Heimen gjekk torsdag ut på Fjordingen.no med kritikk mot politiet som innførte mellombels forbod mot luftsport på Hoven. Forbodet vart gitt 3. mai, og varer inntil 27. mai. Grunngjevinga er den tragiske ulukka 28. april der ei 20 år gammal kvinne omkom etter at speedglideren hennar hekta seg i kabelen til Loen Skylift. Kvinna skal ha hengt fast i kabelen før ho ramla ned på ei fjellhylle i det svært bratte terrenget. Ho vart erklært død då redningsmannskap og bergingsmannskap kom til.