Per Bolstad plass:

No har kommunen sett opp hindringar

Per Bolstad plass: Kommunen har sett opp hindringar rundt Per Bolstad plass.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Fredag parkerte to bussar inne på nye Per Bolstad plass for deretter å køyre ut i Tonningsgata. Det blir det no ein slutt på.  

Les også: Tidenes utkøyring frå «parkeringsplass»?

Kommunen tok straks tak i saka og har no sett opp mellombelse hindringar.

– Desse hindringane mot hovudgata sette vi opp rett etter busshendinga fredag. Både desse blomsterkassene og benkane er berre mellombelse hindringar, men det skal kome nye hindringar i alle retningar seinare som ein del av møbleringsprosjektet på Per Bolstad plass, seier prosjektingeniør Hanne K. Vangen i Stryn kommune.

Datoen for ferdigstillinga er enno ikkje bestemt.