På verdskonferanse Down Under

Assosiated Country Women of the World (ACWW) heldt verdskonferanse i Melbourne i Australia for bygdekvinner, 4.-9. april. Norges Bygdekvinnelag deltok med ein delegasjon på 16 kvinner frå heile landet, der ei var Cecilia Lyslo frå Innvik.

Flaggberar: I hardangerbunad Grethe Brundtland som var flaggbærar for Norge på avslutningsseremonien på verdskonferansen for bygdekvinner i Australia sist månad. Cecilia Lyslo frå Innvik bygdekvinnelag var ei av fire bygdekvinner frå Sogn og Fjordane som var med på turen.   Foto: Privat

Sterkt fokus på kvinner si helse, næringsutvikling, rettar, miljø, klima og matsikkerheit.

Nyhende

Sogn og Fjordane stilte desse fire: Frå Gloppen bygdekvinnelag deltok Else Tystad og Jenny Myklebust, Innvik bygdekvinnelag Cecilia Lyslo, og Viksdalen bygdekvinnelag Randi Vallestad Rambjørg.

Konferansen finn stad kvart tredje år, og har utsendingar frå 400 organisasjonar i 82 land og representerer ni millionar medlemmer på alle kontinent. Vi var med på å markere ei stolt historie på 90 år, med helsing frå sjølvaste Dronning Elizabeth.

Prosjekt i ulike land

FN sitt berekraftsmål står sentralt med sterkt fokus på kvinner si helse, rettar, næringsutvikling, miljø, klima og matsikkerheit. Organisasjonen jobbar med prosjekt i ulike land for bl.a. vassressursar, helsestasjonar, utdanning og organisasjonsbygging. Kvinner med minoritetsbakgrunn, som aboriginarar i Australia, og kvinner sin måte å drive fram bedrifter på, blei vist og fortalt om ved fleire høve.

Sterke kvinnefellesskap

Vi opplevde sterke kvinnefellesskap på tvers av alder, religion og etnisitet, og ser ein tydeleg samanheng mellom arbeidet i lokallag, fylkeslag og nasjonalt for Norges Bygdekvinnelag og arbeidet i ACWW.

Melbourne viste seg frå si beste side med godt ver, skyskraparar, kunst og kultur. Tid for sightseeing høyrer også med når ein er på reise Down Under.


                          Else Tystad og Jenny Myklebust

                          Gloppen bygdekvinnelag/ Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag

                          Cecilia Lyslo og Randi Vallestad Rambjørg

                          Innvik bygdekvinnelag/ Viksdalen bygdekvinnelag