Arbeidet med nye tunnelar i full gang

Arbeidet med ny tunnel til Blakset er i full gang. Det betyr lengre periodar med stengd veg. Også på Flo er arbeidet med veg og tunnel i gang.

Trangt og bratt: Forarbeidet til ny Blaksettunnel er i gang, og Volda Maskin er avhengig av stengd veg for å få arbeidet gjort.  Foto: Bengt Flaten

Smal veg: Vegen der anleggsarbeidet har starta er ikkje breiare enn gravemaskina.  Foto: Bengt Flaten

Flo: Anleggsarbeidet på Flotunnelen er godt i gang også på Flo, der første salva på veg i dagen vart avfyrt tysdag.  Foto: Kolbein Fridtun

Nyhende

Blaksettunnelen skal inn i fjellet ved Robjørhane, like ved eksisterande veg. Her er det trangt og bratt. Det betyr at Volda Maskin som er underentreprenør av Hæhre Entreprenør er avhengig av lengre periodar med stengd veg for å få jobben gjort. Det vil seie sprenge og rydde. Allereie frå torsdag vart det innført lengre periodar med stenging, og frå måndag er det annonsert tre periodar på dagtid, måndag-til torsdag med lengre stengingar. Vegen vert då stengd kl 09-12, 13-15 og 17.30-21, opplyser prosjektleiar i Statens vegvesen, Øystein Tytingvåg.

Volda Maskin jobbar no med forskjeringa i aust, og må rydde vekk jord og sprenge vekk fjell før ein kan lage påhogg og starte sjølve tunneldrivinga.

På Flo er første salve skoten, etter at Volda Maskin har dekt av jord på første del av vegen mot tunnelpåhogget. Dette arbeidet får i denne omgang ikkje konsekvensar for trafikken på eksisterande veg.