Stryn:

Avskilta køyretøy i kontroll

Illustrasjonsbilde.  Foto: Gunnhild Sindre (arkiv)

Nyhende

Statens vegvesen hadde kontroll av lette køyretøy i Stryn tysdag kveld.

Eitt køyretøy vart avskilta då det var selt, men ikkje omregistrert. Fem førarar fekk gebyr for manglande dokument, ein førar fekk gebyr for manglande bruk av bilbelte, fem køyretøy fekk mangellapp for tekniske manglar ved køyretøyet og to førarar måtte fjerne ting frå frontruta før dei fekk køyre vidare, skriv vegvesenet i sin kontrollrapport.