Delt om støtte til Stryn Vinterski

Det var ikkje eit samrøystes kommunestyre som fatta vedtak om støtte på 2,5 mill. kroner til Stryn vinterski.

15 mot 9: Arbeiderparti, Høgre og Frp (ståande) fekk nok støtte i sitt felles endringsframlegg om å imøtekome Stryn Vinterski sin søknad på 2.540.000 kroner. Senterpartiet og KrF ville avslå søknaden og heller ta stilling til saka i budsjettdiskusjonen til hausten. Venstre var delt i saka og røysta deretter. Frode Briksdal (H) Grete Lovise Håheim (H) og Klemet Bø (KrF) var ugilde i saka.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Stryn Vinterski hadde søkt om ekstraordinær støtte frå Stryn kommune på 2.540.000 kroner til røyrgater og utstyr for snøproduksjon og juniorheis mellom Setrevegen og rundløypa.