Øving: Ein drukna og ein hardt skadd

Ein elvepadlar vart hardt skadd og fotografen hans drukna. Det var scenariet under øvinga i Brattejølet i Hornindal onsdag.

Gjenoppliving: «Fotografen» som sklei ut i fossen vart forsøkt gjenoppliva etter at redningsdykkarar hadde henta han opp frå elvebotnen i Brattejølet.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

To elvepadlarar og ein fotograf ned Brattejølet var scenariet. Den første padlaren kom seg greitt ned. Den andre gjorde eit dårleg linjeval og køyrde ned fossen opp ned. Hardt skadd vart han redda av kameraten. Så trakka fotografen oppe på kanten av fossestryket feil og ramla ned fossen.