Løyste problem med barnehagekapasitet i Loen

Kommunestyret måtte gå i mot sitt eige vedtak.

Fekk støtte: Sonja Øvre-Flo (H) fekk full oppslutning for endringsframlegget.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Kommunestyret handsama tysdag saka om sprengt barnehagekapasitet i Loen. Tilrådinga, som var kommunestyret sitt eige vedtak frå 26. mars, var å gje dispensasjon frå vedtekter for kommunale barnehagar i Stryn slik at ein kan opprette ei avdeling i Vikalida barnehage for born som ikkje får plass i Loen barnehage.