Strynerussen gleda dei eldre

Strynerussen spanderte saft og vaflar og ein luftetur på bebuarar frå omsorgssenteret onsdag. Russepresident Mia Kjellevold og Dorthea Auflem i hyggeleg prat i kantina på vidaregåande.  Foto: Privat

Etterpå vart bebuarane trilla trygt tilbake til omsorgssenteret.  Foto: Privat

Nyhende

Onsdag ettermiddag spanderte Strynerussen vaflar og saft på bebuarar frå omsorgssenteret.

– Det var Martine Rake som hadde ideen om at vi kunne gjere noko for å glede dei eldre litt, og det syntest alle var ein god ide, og vi var mange russ som var med på det! Vi trilla ned frå omsorgssenteret til skulen, der vi åt vaflar, drakk saft og kosa oss. Vi sat og snakka ei lita stund, så trilla vi dei opp igjen på omsorgssenteret, seier russepresident Mia Kjellevold.

- Vaffelrøre, syltetøy og rømme fekk vi spandert av Rema, fortel russepresidenten.

– Eit veldig godt tiltak, og eg har fått tilbakemeldingar om at det var veldig kjekt for dei som var med, seier områdeleiar ved Stryn omsorgssenter, Aslaug Nygård.

Om lag 20 bebuarar frå omsorgssenteret deltok.

Tiltaket er berre eitt av fleire som Strynerussen har engasjert seg i.

Les: Samla inn over 170.000 kroner til Kreftforeninga.

Les også: Russen engasjerer seg for psykisk helse.