Vegen til Geiranger er opna

Fylkesveg 63 mellom Langvatn og Geiranger er opna etter å ha vore vinterstengt.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Fv 63 mellom Langvatn og Geiranger vart opna torsdag etter å ha vore vinterstengt. Det same gjeld turistvegen over Trollstigen, skriv Fjuken.

Statens vegvesen melder at det framleis er ein del snø i fjellet, og at vegane kan bli stengt på kort varsel.

Allereie på opningsdagen var det fleire bussar og bilar som køyrde vegen til og frå Geiranger.