Leiar TV-aksjonen i Sogn og Fjordane

Aksjonsleiar: Leiar i TV-aksjonen Sogn og Fjordane, Oddrun Midtbø, gler seg til å ta fatt på jobben med a° mobilisere fleire hundre frivillige og bøsseberarar i Sogn og Fjordane. I år er det CARE som har aksjonen med tittelen «Nå er det hennes tur».   Foto: TV-aksjonen Sogn og Fjordane)

Nyhende

TV-aksjonen NRK 2019 går til CARE sitt arbeid for å styrke rettane til kvinner. Oddrun Midtbø skal leie arbeidet med den årlege dugnaden i Sogn og Fjordane.

- Det er klart eg takka ja då eg på nytt fekk sjansen til å leie TV-aksjonen; i Norges mest gåvmilde fylke. Læringskurva var bratt i fjor, men det ga ufatteleg mykje energi å treffe så mange positive folk, og ikkje minst at vi hamna heilt på topp av dei som ga mest per innbyggjar, seier Midtbø i ei pressemelding frå TV-aksjonen.

– To av dei eg inviterte med i arbeidet i fjor, er i år for ekspertar å rekne sidan Irene Uwamahoro kjem frå Rwanda og Yvonne Nshimirimana frå Burundi.

TV-aksjon i år skal gje 400.000 kvinner moglegheit til å tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få ei røyst i samfunnet. TV-aksjonsmidlane går til CARE sitt arbeid i ni land: Niger, Mali, Den demokratiske republikken Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina.

- TV-aksjonen er heilt unik. Søndag 20. oktober samlar alle i Norge seg om denne viktige saka. Det gjev ei enorm kjensle av fellesskap. Kongefamilien, statsministeren, næringsliv, organisasjonar, trussamfunn og lokalsamfunn bidreg alle til å gje kvinner i nokre av verdas mest sårbare område moglegheit til å skape eit betre liv for seg og sine, seier Midtbø.

Enorme skilnader

- Skilnadene i verda er enorme, og det er som oftast kvinner som blir hardast råka av urett. Dersom  kvinner får jobbe, bestemme over eigen kropp og bruke si eiga røyst, vil det bli mindre svolt, mindre fattigdom, mindre vald og meir rettferd. Berre dei får høve, vil dei utgjere ein stor skilnad, seier Midtbø.


Fakta om TV-aksjonen NRK:

  • TV-aksjonen NRK har blitt arrangert éin søndag i oktober kvart år sidan 1974. I år går TV- aksjonen av stabelen 20. oktober.
  • Årets TV-aksjon går til CARE sitt arbeid for kvinner sine rettar. 400.000 kvinner skal få moglegheit til å tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få si røyst høyrd.
  • TV-aksjonen NRK er verdas største innsamlingsaksjon. Kvart år bankar 100.000 bøsseberarar på samtlege av dei 2,3 millionar heimane over heile landet.
  • Over 7000 frivillige jobbar fram mot aksjonsdagen for å mobilisera 100.000 bøsseberarar.