Første bortekamp for Stryn

Anja Tomasgård (med ballen), Marie Johannsdottir, Tuva Fredheim og Stryn spelar sesongens første bortekamp søndag.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Søndag spelar Stryn sitt damelag i 3. divisjon fotball sesongens første bortekamp.

Etter tre heimekampar som har gitt sigrar mot Sogndal og Studentspretten og tap mot Sandane går turen til Kreklingen stadion i Balestrand.

I førre kamp vart det 3-2 siger mot Studentspretten i eit spennande oppgjer, ein solid prestasjon av Stryn mot ein god motstandar.

Midtstoppar Astrid Bjørke har vikariert i mål dei to siste kampane, men til oppgjeret mot Balestrand er Mia Kristiansen tilbake mellom stengene.

- Emma Njøten og Maria Bergset spelar ikkje denne kampen grunna skade/sjukdom, resten av troppen er klar, seier trenar Johann Sigurdsson, som er ekstra merksam på Balestrand sin toppscorar Anne Aune:

- Ein veldig god spelar.