Vil ha meir miljøvennlege kunstgrasbaner

Illustrasjonsbilde. 

Nyhende

Fleire offentlege byggherrar vil ha alternativ til gummigranulat på kunstgrasbaner for å avgrense utsleppet av mikroplast.

Fleire fylke og kommunar spør etter miljøvennlege alternativ til gummigranulat på kunstgrasbaner. Dei ønskjer nye løysingar som har minst mogleg innverknad på miljøet og har god funksjon for menneska som nyttar kunstgraset.

Innovativeanskaffelser.no anslår at gummigranulat er den største kjelda til utslepp av mikroplast i naturen i Norge.

Det blir slept ut 1.500 tonn gummigranulat i samband med bygging og påfyll av kunstgrasbaner i året, om lag 10 prosent av dette hamnar i naturen.

(NPK)