Opningsstemne i friidrett:

Fleire gode resultat på Skei

Lengde: Mård Johannes Agjeld, Olden IL, deltok i fleire øvingar under opningsstemnet på Skei.   Foto: Olden IL

Spyd: Maja Fuglestrand Baade, Olden IL, vann spydkonkurransen.  Foto: Olden IL

Nyhende

Jølster IL inviterte til opningsstemne på det nye friidrettsanlegget på Skei stadion i helga.

Olden IL var representert med fem utøvarar, medan Malin Riise Gran stilte frå Stryn T & IL.

Ruben Alexander Eide Gjerde (14) frå Olden nådde heile 5,79 meter i lengde, og på 100 meter vart han klokka inn på 12,41 sekund, sju hundredelar bak Jakob Slåtten frå Jølster IL.

Alida Bruland (16) frå Loen, som representerer Olden IL, deltok i sitt første utandørsstemne og imponerte både på 100 meter (14,77 sekund) og i kule (10,60 meter med 3 kg kule). Kuleresultatet er eit resultat på godt nasjonalt nivå.

Mård Johannes Agjeld (13), Olden IL, sette fleire personlege rekordar. I lengde hoppa han 4,02 meter, i kule (3 kg) støytte han 7,55 meter, 100 meteren gjekk unna på 15,05 sekund og 600 meteren på 2.01,46. Det vart førsteplass i lengde og kule, andreplass på 60 meter og tredjeplass på 600 meter.

Spydtalentet Maja Fugle-strand Baade (14), Olden IL, vann spydkonkurransen med eit godt kast på 39,02 meter.

Gaute Fredheim Urne, Olden IL, deltok i dei yngre klassane, også han gjorde sine saker godt.

Malin Riise Gran (17) frå Stryn sprang 100 meter på 13,47 sekund, eit godt resultat då løpet gjekk i motvind.

Lokale resultat

G13, 100 m: 1. Simen Lidvarson Sunde, Jølster IL 14,25, 2. Mård Johannes Agjeld, Olden IL 15,05

G13, 600 m: 1. Jakob Amsrud Husa, Førde IL 1.54,78, 2. Simen Lidvarson Sunde, Jølster IL 1.57,77, 3. Mård Johannes Agjeld, Olden IL 2.01,46

G13, kule: 1. Mård Johannes Agjeld, Olden IL 7,55

G13, lengde: 1. Mård Johannes Agjeld, Olden IL 4,02

G14, 100 m: 1. Jakob Slåtten, Jølster IL 12,34, 2. Ruben Alexander Eide Gjerde, Olden IL 12,41, 3. Christoffer Heilevang Andreassen, Førde IL 13,64, 4. Kristian Hillestad Sunde, Jølster IL 14,81

G14, lengde: 1. Ruben Alexander Eide Gjerde, Olden IL, 5,79 m, 2. Magnus Klakegg, Jølster IL, 4,06 m

J14, spyd: 1. Maja Fuglestrand Baade, Olden IL 39,02 m

J16, 100 m: 1. Benedikte Tveit, Førde IL 14,45, 2. Alida Bruland, Olden IL 14,77

J16, kule: 1. Alida Bruland, Olden IL 10,60 m

J17, 100 m: 1. Malin Riise Gran, Stryn T og IL 13,47