Mann meld for blotting i Stryn

Ein mann vart søndag kveld meld for blotting ved ein badeplass i Stryn.

Politiet rykka søndag kveld ut og pågreip ein mann etter meldingar om blotting.   Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Det var to unge jenter som bada ved nausta ved Utstillingsplassen og Speidarhytta som melde frå om at dei hadde opplevd at det sat ein blottar i ein bil like ved. Mannen skal i følgje politiet ha site med open bildør og onanert.


Pågripen

– Politiet fekk ein god beskrivelse av både bil og mann, seier tenestestadsleiar for politiet i Stryn, politioverbetjent Vidar Stavik.

– Seinare på kvelden fekk politiet tilsvarande melding frå Nordfjordeid. Politiet rykka då ut og pågreip ein mann.

Mannen, ein utanlandsk statsborgar busett i distriktet, er anmeldt.

Saka er under etterforsking.