Over og ut for jubilantlistene

Sluttar med jubilantlister i Fjordingen: – Årsaka er at listene vi kjøper frå NTB er mangelfulle. Omtrent kvar veke får vi telefon frå folk som vil stryke seg av lista, for så å oppdage at dei ikkje står på listene våre. Dette skjer såpass ofte at vi ikkje lenger ønskjer å presentere lister vi veit er mangelfulle, seier redaktør Bengt Flaten.  Foto: Arkiv

Nyhende

Til glede for nokon og truleg til irritasjon for andre, har Fjordingen beslutta å avvikle tenesta med lister over jubilantar som fyller 50, 60, 70, 75 år osv.

– Årsaka er at listene vi kjøper frå NTB er mangelfulle. Omtrent kvar veke får vi telefon frå folk som vil stryke seg av lista, for så å oppdage at dei ikkje står på listene våre. Dette skjer såpass ofte at vi ikkje lenger ønskjer å presentere lister vi veit er mangelfulle, seier redaktør Bengt Flaten.

Han legg til at han ikkje kritiserer NTB for at listene er feil.

– Nei, dei har igjen sine rutiner der lister vert sjekka opp mot ulike registre. Vi har snakka med NTB mange gonger siste halvåret i håp om å få til forbetringar, men dei er igjen avhengige av andre. Difor konstaterer vi at tenestene er og vil bli for mangelfulle til at vi ønskjer å vidareføre tilbodet.

Derimot er det fullt mulig å sende inn gratulasjonar, fødde, jubilantar, nygifte, vi giftar oss og forlovingar som før. Det gjer du ved å spandere ein hundrelapp og leggje inn tekst og bilde til nett- og papiravisa på tenesta https://folk.fjordingen.no, seier Flaten.