«Kollisjon og bilbrann» i Nostunnelen

Brannvesen, ambulanse og politi fekk ei god øvingsøkt med scenario kollisjon og bilbrann i Nostunnelen tysdag.

Øving: Redningsmannskapet visste ikkje på førehand kva retning røyken tok, ettersom det ikkje er vifte i tunnelen. Brannsjef John Jatgeir Vinsrygg seier det var ei god øving med mykje fokus på samhandling mellom naudetatane, leiing og bruk av samband.  Foto: John Jatgeir Vinsrygg

Venta i bilen: To skadde personar venta på å bli redda ut etter kollisjonen og bilbrann i Nostunnelen.  Foto: Bo Robin Damberg

Ute i friluft: Røykdykkarar frakta dei involverte ut av tunnelen og overlet dei til ambulansepersonellet.  Foto: John Jatgeir Vinsrygg

Nyhende

20-25 minutt etter at alarm var slått, var ambulansen framme.Deretter kom Stryn brannvesen og til slutt politi og Eid brannvesen frå Hopland-sida av tunnelen. Øvinga gjekk ut på at to bilar med to personar i kvar hadde kollidert midt inne i tunnelen. Ein av personane sat fastklemd, dei andre var lettare skadde. To bilar kom til, og føraren av den eine ringte for å varsle. Ti minutt etter første varsling kom det ny telefon med beskjed om at den eine bilen hadde teke fyr. På grunn av store mengder røyk klarte ikkje personane å sjå nok til å kome seg ut. Difor sette dei seg i bilane og venta på hjelp.

– All røyken reiste mot Hopland. Eid brannvesen søkte 50 meter inn i tunnelen medan vi tok innsatsen frå strynesida og fekk henta personane ut, fortel brannsjef John Jatgeir Vinsrygg. Røykdykkarar frakta personane ut til ambulansepersonellet som tok over på utsida.

– Ei god øving med fokus på samhandling, bruk av samband og leiing, seier John Jatgeir Vinsrygg som var innsatsleiar brann.