Gamle Strynefjellsveg opnar 28. mai

Illustrasjonsfoto 

Nyhende

Trass i at det på Statens vegvesen sine nettsider står at forventa opning av Fv258 Gamle Strynefjellsveg er 15. juni, opnar altså vegen 28. mai, dagen før sesongopning av Stryn sommerskisenter.

- Vi er i dialog med sommarskisenteret og opnar Gamle Strynefjellsveg frå vest tysdag 28. mai. Frå aust vil vegen opne seinare, seier seksjonsleiar i Statens vegvesen, Tone Anette Espe.