Ny skulestreik for klimaet

Klimastreiken 22. mars samla over 40.000 barn og ungdom. No vil initiativtakarane gjenta streiken fredag 24. mai.

Skuletreik: Streikande elevar i prat med klima- og miljøminister Ola Elvestuen utanfor Stortinget sist månad.  Foto: NPK

Nyhende

Klimastreiken i mars samla omtrent dobbelt så mange ungdommar som forventa. På over 70 stader over heile Norge troppa barn og ungdom opp sjølv om dei fekk ført fråvær på grunn av deltakinga.

Per måndag er det planlagt protestar i 1.297 byar i 109 land fredag 24. mai.

– Alle er velkomne. Alle trengst, skriv Thunberg på Twitter.

I den første skulestreiken 15. mars deltok hundretusenvis av skuleelevar og andre i over 130 land frå Australia til Uruguay. Sidan har det vore streikar og protestar kvar fredag mange stader.

Thunberg sjølv har streika éin dag i veka sidan august utanfor den svenske Riksdagen og dermed vore ei inspirasjonskjelde for skuleelevar over heile verda som er opptatt av den globale oppvarminga.

Thunberg har dei siste månadene mellom anna treft paven i Roma og talt til Parlamentet i London, Økononiforumet i Davos og FNs klimakonferanse i Katowice i Polen. (NPK)