Volda/Hornindal: 10.393 innbyggjarar

Volda kommune har den største folketalsveksten på Søre Sunnmøre i fyrste kvartal. Samla har Volda og Hornindal nær 10.400 innbyggjarar.

Volda sentrum: Volda har største folketalsveksten på Søre Sunnmøre. Saman med Hornindal tel kommunen 10.393 innbyggjarar pr. 1. april.  Foto: Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt

Nyhende

(Møre-Nytt) Statistisk sentralbyrå (SSB) kom med dei siste tala for folkesetnaden måndag.

Tala syner at det per 1. april var 10.868 innbyggjarar i Ørsta. Det er ein auke på 11 personar sidan årsskiftet.

I Volda auka folketalet med 44 personar i same perioden, til 9. 241.

Hornindal kommune stod på staden kvil, og hadde per 1. april 1.152 innbyggjarar. Det vil seie at Volda og Hornindal kommunar til saman hadde 10.393 innbyggjarar per 1. kvartal. Frå komande årsskifte er desse to ein felles kommune. Og får i tillegg overført i overkant av hundre innbyggjarar frå Ørsta kommune gjennom grensejusteringa for Viddal og Bjørke krinsar.

Folketalsveksten i Volda var den største på Søre Sunnmøre.

Både Vanylven, Herøy, Sande og Ulstein kommunar hadde nedgang i folketalet, medan det var nullvekst i Hareid.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt.