Var fanga i eigen kropp

- Eit levande mareritt

Øystein Holmøy (36) vakna ein morgon, totalt ute av stand til å røyre ein einaste muskel eller kommunisere eit einaste ord.

Eit levande mareritt: Her vakna Øystein 10. mai, totalt paralysert. – Eg var livredd, fortel 36-åringen som rosa måten sambuaren Torunn Egge handterte situasjonen  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Fredag 10. mai er ein dag småbarnsfaren Øystein Holmøy ikkje kjem til å gløyme med det første. Som vanleg vart han vekt av vekkarklokka 06.45. Så vekte han sambuaren sin og la seg til igjen for nokre ekstra minutt med søvn.