Eit steg nærare komplett cruiseanlegg

Opna Olden Cruisepark

Med opninga av Olden Cruisepark byrjar ein å sjå konturane av eit komplett cruiseanlegg i Olden.

Avduking: Ordførar, og nestleiar i Havnerådet i Nordfjord Havn, Sven Flo, har akkurat avduka skiltet som fortel at ein er i Olden Cruisepark. – Eit flott namn som kling godt og som eg trur vil feste seg og bli eit godt merkenamn i framtida, seier Flo.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Det er på den tidlegare «Myklebusttomta», aust for cruisehamna ved Mølla, ein har tilrettelagt eit stort areal for avvikling av tog- og busstransport knytt til cruiseturismen. Det har lenge vore diskutert bruken av området, men for om lag eit år sidan kom tenderkaia på plass, og med kort veg til hovudkaia, og plassutfordringane ein har der, har det vore naturleg å utvikle tomta til det den har blitt i dag. Mangel på toalettfasilitetar har ein også kome i møte med bygging av eit flott sanitæranlegg på området.