Vogntogsjåfør anmeldt for aktlaus køyring

Føraren av eit utanlandsk vogntog er anmeldt av politiet. Mannen vart filma då han køyrde langt over i feil køyrefelt gjennom Stavenestunnelen i Stryn torsdag morgon.
Nyhende

Då politiet i Stryn fekk sjå filmen torsdag morgon, varsla dei politiet i Førde. Vogntoget var på veg den retningen, og politiet i Førde lukkast med å stoppe føraren.