Honndalsleikane i friidrett

Honndalsleikane: Laurdag går Honndalsleikane i friidrett av stabelen.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Komande laurdag arrangerer friidrettsgruppa i Hornindal Honndalsleikane.

– Vi håpar på god lokal deltaking, seier leiar i Hornindal friidrett, Irene Lødemel, i ei pressemelding.

Som vanleg er det kast- og løpsøvingar samt lengde som står på programmet i ulike aldersklassar.

Om lag 50 deltakarar har stilt opp i Honndalsleikane dei siste åra.